Til utskriftsvennlig side
Lønns- og rekneskapstenester

 

 

SSØ tilbyr alle statlege forvaltingsorgan og nettobudsjetterte verksemder å få levert økonomitenester innanfor:

• lønn
• rekneskap
• elektronisk fakturabehandling

SSØ leverer operative tenester til 75 % av dei statlege verksemdene i Noreg. Kundane blir betente frå regionkontora til SSØ etter kva departement dei tilhøyrer, mens sentraleininga utfører nokre av støttefunksjonane.

Forutan systemtenester tilbyr SSØ omfattande støtte i samband med opplæring og gjennomføring. Mellom anna tilbyr vi:

  • innføringsstøtte med opplæring
  • rutinebeskrivingar og brukarhandbøker
  • registreringstenester  
  • betalingsformidling
  • landsdekkjande brukarstøtte
  • kvalitetssikringssystem
  • tilgang til eigen kundeweb

SSØ arrangerer òg seminar for større kundar og kundegrupper.

Du finn meir informasjon under dei ulike produktområda i menyen til venstre.


Korleis bli kunde

Kunden og SSØ gjer ein avtale i forhold til det konkrete innhaldet i leveransane. Dersom ei verksemd ønskjer at SSØ skal utføre delar av økonomifunksjonen, reknar ein med den årlege bruken av forvaltingsressursane til SSØ basert på omfanget av den avtalte arbeidsdelinga. Løyvingane til å dekkje bruken av dei aktuelle ressursane blir flytte frå kunden til SSØ ved hjelp av rammeoverføring.

I ein del tilfelle blir direkte kostnader vidarefakturerte frå tredjeparts leverandørar til kunden. Det skjer fordi SSØ opptrer som innkjøpar for kundane sine. Døme kan vere investering i SAP-lisensar, programvarevedlikehald og kundens del av teknisk drift knytt til lønns- og personaldatasystemet.

For meir informasjon om korleis SSØ kan betene akkurat din verksemd, ta kontakt med oss på telefon 400 07 997. 

 

Sist endret: 25.08.2010



Quick search
Nettstedkart
 English version
 




 

Snarveier

Økonomiregelverket
SSØ-blanketter
Ledige stillinger
Abonner på SSØs nyhetsbrev
Evalueringsportalen

Relaterte lenker

Finansdepartementet
Riksrevisjonen
Statlige elektroniske blanketter

Senter for statlig økonomistyring, Pb 7154 St. Olavs plass, 0130 Oslo | Tel. : 400 07 997 | Faks: 22 98 70 00 | E-post: post@sfso.no

Tilbake til forsiden Kundenett