Til utskriftsvennlig side
Statens konsernkonto

Betalingsformidlinga i statlege verksemder (ut- og innbetalingar og kontohald) skal skje gjennom statens konsernkontoordning. Det sikrar at alle statlege midlar dagleg blir samla i Noregs Bank. Statens konsernkontoordning gjeld for departementa og dei underliggjande verksemdene og skal dekkje det statlege behovet for betalingstenester og likviditetsforvalting. Dei overordna føresegnene til betalingsformidlinga går fram av føresegner om økonomistyring i staten, jf. pkt. 3.4.

Føresegner om økonomistyring i staten (pdf)

Statens konsernkontoordning er basert på at Finansdepartementet på vegner av staten har gjort høvesvis ein avtale om eit konsernkontosystem i Noregs Bank og rammeavtalar med enkelte bankar om betalingstenester og kontohald. Verksemdene knyter seg til konsernkontoordninga ved å opprette oppgjerskontoar i Noregs Bank via eige departement og gjere avrop (bestilling) på ein eller fleire av avtalane som er gjorde med bankar.

Senter for statleg økonomistyring har mellom anna ansvar for

  • å inngå rammeavtalane med bankane og forvalte dei overfor statlege verksemder
  • å gi melding til Noregs Bank om å opprette og avvikle oppgjerskontoar for verksemder i statens konsernkontosystem i banken
  • å gi Finansdepartementet råd om etablering av nye betalingsformidlingstenester

Statlege verksemder kontaktar Senter for statleg økonomistyring i spørsmål om rammeavtalane og oppgjerskontoane.

Ikkje-statlege midlar

Innanfor enkelte område forvaltar statlege verksemder midlar som ikkje skal inngå i konsernkontoordninga. Det gjeld til dømes ikkje-statlege midlar som beslaglagde midlar og midlar som tilhøyrer klientar, pasientar, innsette o.a. Verksemdene kan for midlar som ikkje skal inngå i konsernkontoordninga, gjere ein eigen avtale med ein av bankane som staten har rammeavtale med, eller med ein annan bank. Vi viser elles til pkt. 3.3.3.5 i føresegnene om økonomistyring i staten.

Sist endret: 02.09.2010



Quick search
Nettstedkart
 English version
 




 

Snarveier

Økonomiregelverket
SSØ-blanketter
Ledige stillinger
Abonner på SSØs nyhetsbrev
Evalueringsportalen

Relaterte lenker

Finansdepartementet
Riksrevisjonen
Statlige elektroniske blanketter

Senter for statlig økonomistyring, Pb 7154 St. Olavs plass, 0130 Oslo | Tel. : 400 07 997 | Faks: 22 98 70 00 | E-post: post@sfso.no

Tilbake til forsiden Kundenett