Økonomistyring
Den sterke statsfinansielle situasjonen gjer at Noreg ikkje har det same presset som mange andre land til effektiv offentleg produksjon. Ein effektiv offentleg sektor er likevel viktig for å sikre at pengane til skattebetalarane kastar mest mogleg av seg i form av offentleg velferdsproduksjon og/eller frigjering av ressursar til andre formål.
Det står framleis store utfordringar for tur når det gjeld å betre effektiviteten, og i staten er det sett i verk ei rekkje utviklingsprosessar for å sikre betre økonomi- og verksemdsstyring som kan gi grunnlag for auka effektivitet. Riksrevisjonen gir stadig for mange merknader på økonomistyringa i statlege verksemder, og SSØ ønskjer å bidra til at talet går ned.

Her er nokre av dei største utfordringane og utviklingsområda innanfor statleg økonomi- og verksemdsstyring:
- Styrking av kompetansen innanfor økonomistyring blant medarbeidarar i staten, mellom anna innanfor budsjettering og rekneskap (spesielt aktuelt etter at det reviderte økonomireglementet kom på plass i 2003, der verksemdene får meir fridom og ansvar)
- Betre risikostyring og intern kontroll i statlege verksemder
- Auka bruk av grundige investeringsanalysar, også samfunnsøkonomiske analysar og evalueringar av prosessar og tiltak
- Betre styringsinformasjon i statlege verksemder som gir grunnlag for å vurdere kva aktivitetar og tiltak kostar. I denne samanhengen viser vi til at periodiseringsprinsippet er under utprøving i elleve statlege forvaltingsverksemder
- Lettare tilgang til relevant styringsinformasjon til leiarar
- Nye rammeavtalar med bankane som gir eit breiare tilbod innanfor betalingstenester, i samsvar med behova til statlege verksemder
- Behov for formålstenlege løysingar, standardar og informasjon som bidreg til risikostyring
- Meir effektiv transaksjonshandtering gjennom auka elektronisk samhandling innanfor leveransane av økonomitenester
SSØ arbeider med dei fleste av desse problemstillingane og leier eller deltek i prosjekt som skal føre til store gevinstar for samfunnet og dei enkelte statlege verksemdene. Det er eit mål å realisere gevinstar både på det økonomiske området og i form av auka kvalitet og velferd.
SSØ legg spesielt vekt på kompetansetiltak retta mot tilsette i statlege verksemder. Les meir under kurs og studieprogram.
Sist endret: 09.04.2010